BUSS:
Me meinar det beste er å få ungdommane trygt heim og har difor sett opp to bussar under festivalen:
Vikedal – Ølen – Haugesund (Flotmyr)
Vikedal – Ropeid – Sauda/Suldalsosen
Bussane har avgang kl. 02:00 ifrå sentrum i Vikedal både fredag og laurdag.
Billettar kostar kr 200,- uansett destinasjon og kan kjøpast på festivalkontoret i båthavna, billettbod 1 eller ombord på bussen. Det er ikkje garantert plass på bussen!
NB! Buss til Sauda/Suldalsosen blir kun sett opp dersom det er nok interesserte.
For å sikre deg plass på bussen, meld di interesse på SMS til 92829034 innan ONSDAG 18.07.18 kl. 12:00. Minnar om at det då blir betaling på førehand.
Skal du til Vikedal? Går det:
- Rutebuss frå Haugesund – til Vikedal (via Ølen)
- Rutebuss frå Sauda – til Vikedal
- Hurtigbåt frå Stavanger – til Vikedal
Sjekk ut tidene på kolumbus.no
OVERNATTING:
Skal du til Vikedal og har behov for overnatting?
Dei beste alternativa er:
- Båt
- Bubil
- Campingvogn
- Telt
Me har tre campingplasser i Vikedal og stor båthavn. Kjem ein med båt er prisen kr 200,- per døgn, og alle ombord frå fylte 15 år må betale for festivalpass.
Me har diverre IKKJE moglegheit å tilby ungdomscamp i år. Campingvogner og telt henvises til campingplassene. Det blir derimot sett opp buss til Haugesund og Sauda/Suldalsosen.