12. april 2015

Kart

Vikedal ligg i Vindafjord kommune i Rogaland, midt mellom Haugesund og Sauda. Enkleste veg for dei som kjem nordfra Bergen eller sørfra Stavanger er å følgja E39 til Våg i Tysvær og følgja E134 til Knapphus. Ta til høgre inn på Rv. 46 og følg denne til Vikedal sentrum. Dei som kjem over Haukeli følgjer E134 til Ølen, tar av til venstre på Rv. 514 til Sandeid og fortsett på Rv. 46 til Vikedal. Dei som kjem over Hardangervidda følgjer Rv. 13 forbi Odda til Skare og fortsett på E134 mot Ølen.

Det tar ca 1.5t med båt fra Stavanger (25 knop) og ca 2.5t med bil via Boknasambandet.