12. april 2015

Sommarmarknad

Det som starta forsiktig med ein reiselivsdag har etter kvart utvikla seg til ein torgdag der både lokale og regionale utstillerar kjem for å vise fram og selja sine produkt. Båthavna i Vikedal er rama for Sommarmarkedet, som dei siste åra har hatt over 20 utstillingar og salsboder, og rundt 2000 besøkjande. Her får du køypt alt frå jordbær, blommar, sjokolade og grønsaker, til kunst og brukskunst om du måtte ynskje det. Vi har i år senka prisen for bodene og vil prøve å få til eit breidt utval av boder. Me kan også tilby mange utstillarar innandørsplass i teltet, og håpar mange tek kontakt for å stille ut det dei produserar!

Ta kontakt med Øyvind Bakkedal på tlf.: 993 97 380 før 1. juni dersom du ynskjer bodplass!