12. april 2015

Arrangørane

Sommarfestivalen i Vikedal blir arrangert av følgande lag og organisasjonar:

 

Idrettshall-i-Vikedal-Vikedal Bygdahus / Idrettshall
Vikedal Bygdahus er bygda sitt eige hus. Formell eigar er andelslaget Vikedal Bygdahus L/L, med lag og foreiningar i Vikedal som andelseigarar. Vikedal Bygdahus blir nytta til ulike arrangement, alt frå bingo til bryllaup, revy, pubkveldar, møte og private selskap.

vikedal-bygdahus.no

 

havnaVikedal Båtforening
Vikedal Båthavn er både lokalbefolkningen i Vikedal og turistane si havn, det er Vikedal Båtforening som driv havna. Havna er sikra mot ver og vind med faste moloar rundt. Me har 200 meter gjestebrygge, med vatn og straum, og nytt romsleg sanitærbygg med dusj og vaskemaskin. Båthamna har trålaust nettverk, bord og benker rundt.

vikedal-baathavn.no