Vellykka festival i 2015!


Det kokte i teltet på fredag når Staut spelte og leverte eit fantastisk show, og det såg jammen ut som Staut hadde det minst like kjekt som publikum! 🙂

Etterpå høyrdes allsongen med Alvseikje frå 850 publikummarar langt opp i byggjefeltet!

Lørdagen starta med fiskefestival, Sommarmarknad og NM-runde i motbakkeløp før stemninga steig til uante høgder i teltet!
The 7’th Street Band og Ørnes & Bjelland toppa det heile med å spele i lag dei siste songane. 9 fantastisk dyktige musikarar på scena som aldri før har spelt i lag ga publikum eit magisk øyeblikk! Utrulig kjekt!

Resultatet etter festivalen er over budsjett og styret er svært nøgde! Tusen takk til frivillige vakter, flinke musikarar, positive naboar og samarbeidspartnarar for ein godt gjennomført festival!