16. - 18. juli 2010Sommarfestivalen i Vikedal er eit samarbeidsprosjekt mellom Vikedal Båtforening og Vikedal Bygdahus, og i fjor samla festivalen mellom 5000 og 6000 publikummerar over tre festivaldagar i juli. Fiskefestivalen er den delen av arrangementet har lengst tradisjon og feiret i 2009 30-års jubileum. Vikedal er kjend for laksefiske i Vikedalselva, men også i Vindafjorden er det fisk og få, og folk strøymer til for å vere med på fiskefestivalen. Dei siste åra har deltakartalet lege i underkant av 300 totalt.
Arrangementet foregår i båthamna i Vikedal der det er eiga gjestebrygge, nytt servicebygg og elles gode muligheter for parkering av bilar i området. I år er det BJØRN HELLFUCK, INGENTING, BJØRN ALVSEIKE, FURULUNDS og CONTRAZT som underheld i festivalteltetene. Les meir om dei her.
|